Oddgeir Bruaset tok oss i kveld med på ei reise der me møtte både ei anna tid og menneske med andre verdiar enn folk flest.

Menneske som har valt å slite for å oppnå noko, i staden for å få. Menneske som har valt eit enklare liv, men med mykje slit. Folk som ikkje er opptekne av statussymbol, hytte eller flotte bilar. Folk som har hoppa av kjøp og kast-karusellen – og som gjev inntrykk av å ha blitt  lykkelege nettopp gjennom det.

– Dette er menneske som har tid til å tenkje trass i ein svært tøff kvardag med omsyn til arbeid og slit. Dette er menneske som står for haldningar og verdiar eg synest det er fint å formidle til andre, sa Bruaset.

Den kjende TV-personlegdomen har laga 60 TV-program i serien «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu». I tillegg har han gjeve ut tre bøker der han har valt ut nokre av dei plassane og personane han synest det har vore kjekt å skrive meir om.

I Kultursalen i kveld tok han oss med til folket langs Storfjorden på Sunnmøre der me møtte 31 år gamle Karen Nilsen som har budd dei tre siste åra på fråflytta Ytste Skotet. (Ho kjem på TV til hausten). Vidare fekk med eit innblikk i livet til 78 år gamle Olaug Pettersen på Meløyvær på Bjarkøy. Ho bur no åleine på eit fråflytta fiskevær etter å ha mist både mannen sin og to søner. Sønene på tragisk vis. – Men ingen vil få ho derifrå, sa Bruaset, sterkt.

I ein fjelldal mellom Bolstadøyri og Voss møtte me Margot og Per Bjørkøy, ei historie fylt av omsorg og nærleik – og det siste møtet han tok oss med på handla om fallskjerminstruktøren Irene Hessling som fann roen på Nyksund, ein holme uti havet i Vesterålen

Alt i alt ein spesiell kveld som fekk oss til å tenkje over om me kanskje har gløymt viktige kvardagsverdiar i all vår moderne tankegang.