Proxima Services AS heiter eit nyetablert firma som skal levere mekaniske produkt og tenester til den lokale, regionale marknaden. No har dei etablert seg i Årskog der Fitjar Auto tidlegare hadde lokale.

– Håkonar næringspark ligg i eit område med mange gode kvalitetar, og Fitjar kommune har vore ein viktig medspelar, og har lagt alt til rette for oss gjennom ein enkel og god saksgang, seier dagleg leiar i Proxima Services AS, Haakon Vaage, som òg rosar industri-inkubatoren Vekst Industri Sunnhordland (VIS) som har vore ei god rugekasse for utvikling av ideen.

Proxima har òg gått inn i eit samarbeid med den nyetablerte VIS-bedrifta Levox AS i Sagvåg om produksjon av akkulindarar, konstruksjonar som gjer bommen på gravemaskina mest vektlaus, noko som fører til rundt 30 prosent lågare dieselforbruk. Akkulindaren har difor fått kallenamnet "miljøsylindar.

Håkon Vaage trur elles ikkje at det nyetablerte firmaet på Fitjar, som òg Kjell Henning Berntsen og Tom Innvær står bak, vil få problem med å få ordrar.
-Det er i dag underkapasitet på maskineringstenester i offshore og skipsindustrien, og me har allereide jobbar. No gjeld det berre å koma i gang, smiler han.

Ordførar Agnar Aarskog er elles strålende glad for nyetableringa. -Det ser ut for at snøballen no er begynt å rulle. Eg har hatt fleire førespurnader om området vårt i Årskog det siste året, enn eg hadde alle mine tidlegare sju år som ordførar, seier han og røpar at det er endå fleire nyetableringar på gang i Håkonar Næringspark, utan at han vil seie noko meir om det no.