Det snikrast i Larsenhuset for tida. Årsaka til  til det er at ein vil gjera areala meir tilpassa tida med omsyn til drift og fasilitetar.

-I 2. høgda utvidar Cafe Annemor, dei får nokre fleire sitjeplassar mot gata, og vil i tillegg få tenelege bakrom med lager, frys, kjøl, garderobe og kontor.  Det vil vidare koma toalett ved kafeen i 2. høgda, også for rullestolbrukarar.  Eige leikerom vert òg bli innreia i tilknyting til kafeen, fortel Odd Sverre larsen til Fitjarposten, og fortset: 

-I 1.etg mellom SPAR og Odd Larsen A/S kjem det til å skje store endringar dei neste vekene.  Solblomsten flyttar eit hakk lenger inn i butikken; i lokalet der Iris mote heldt til, opnar Odd Larsen A/S eigen sportsbutikk. Ein butikk  Gro Hatlevik skal leia, og som får namnet MX sport Fitjar.  Me tek sikte på opning av MX sport Fitjar i veke 11. Gangen mellom SPAR og Odd Larsen A/S vil verta stengt for gjennomgang eit tid frametter, ny gjennomgang med ”gateutsikt” vert opna så snart råd, truleg i veke 10, heiter det. 

Odd Sverre Larsen fortel vidare at det i daglegvarebutikkene vil skje fylgjande endringar: Det vert nytt flaskemottak ute i gangen, tobakksautomat erstattar tobakksbur v/kassane, frukt og brød vil ein møta like innanfor inngangen og dei flyttar òg ein kjøledisk.  Dette fører med seg att ein stor del av butikken elles, også må snuast litt på. Dette  arbeidet skal gå føre seg i veke 10 og 11. -Me vonar dette ikkje vil skapa ulemper for Dykk som kundar, og vil gjera alt for imøtekoma alle behov sjølv om ting til tider vil stå ”på håve”. 

Til påske skal arbeidet vera fullført, og me gler oss til å presentera tidsmessige butikkar og lokale til nytte og glede for både Fitjarbu og ”bymann”.

Klikkar du på teikningane, får du sjå meir av korleis det vil bli!

- Annonse -