Denne torsdagen vert temakvelden i Fitjar kyrkje ved  gruppa Fitjar Ad Hoc Ensemble. Namnet er nytt, men vi har høyrt dei nokre gonger dei siste åra.

Gruppa oppstod spontant ved opninga av Kultursalen.  Fordi dette vart svært godt motteke av publikum, og fordi dei liker å musisera saman, har dei vore å høyra i ulike samanhengar – men berre på prosjektbasis. Dette er første gongen dei spelar i kyrkja.  

Gruppa består av:
Martin Hatlevik (trompet, gitar),
Harald Rydland (trekkspel, piano)
Ole Christian Ottestad (saxofon)
Heine Bernt Helland (bass)
Steinar Vik (slagverk).

Musikken spenner frå viser til gospel.  Dei spelar ein del ukjent stoff og ein del meir tradisjonelle songar, gjerne med ein ekstra musikalsk vri.

Slik blir det denne kvelden også, der ein vil spela kjende songar i ny musikalsk innpakning, samt ein del av Elvis sitt gospel-repertoar.

I tillegg blir det allsong.  Olav Oma  vil leia kvelden, og binda det heile saman.

Vel møtt til ein svingande musikk-kveld!