Niandeklassane ved Rimbareid skule fekk eit spennande møte med Forsvaret, måndag. -Kjekt og lærerikt, seier Malin Rydland, som fekk vera med på opplegget.
Elevane vart delt inn i lag, med den fremste som lagførar, noko ein veksla på.
Så fekk dei forskjellige oppdrag som krov både samarbeid og presisjon, og etter oppdraget vart fullført, fekk laga vurdering med karakter.
I starten var det mange låge resultat, men på slutten fekk dei fleste sjå 5-aren.
-Godt jobba, seier me.