4.-klassen og den eine 5.-klassen ved Rimbareid skule har har hatt ein annleis adventskalender i desember. I staden for å få, har dei jobba for å gje.

Dei har teke ut av oppvaskmaskinen, vaska bil, hus, rydda rommet, passa småsøsken, laga middag og mykje meir for å kunna gje pengar vidare til born som treng dei meir enn dei sjølve. Og dei gjev uttrykk for at dette har vore både fint og spennande, ikkje minst å vita at nokon barn får ei gladare jul på grunn av det dei har gjort. Slik sett liknar opplegget litt på ungdomsskulen og vidaregåande sitt Operasjon Dagsverk-opplegg.

– Pengane dei har samla inn går til SOS barnebyar, og me har vist film og lese om forskjellige SOS barneby-prosjekt i løpet av månaden, med eit dagleg tema, fortel lærarane Liv Mari Lønning og Martha Waage i 4. klassen. Både dei og Gunn Evy Nilsen Haaland og Johannes Olsen i 5.-klassen skryt av elevane.

– Dei har vore utruleg postive, så me har fått ei svært fin oppleving i lag gjennom dette, smiler dei.