Ikkje berre fiskekonkurransane, men òg andre konkurransar kan du vera med på om du tek turen til Sjøsio m/ Larsen på laurdag.
Fiskefestivalen vert som tidlegare gjennomført med både båt- og stongfiske, og i tillegg vert den nye nettsida «komtilfitjar.no lansert med høgtideleg opning av ordførar Harald Rydland.
I tilknyting til lanseringa vert det aktivitetar som alle kan vera med på, og det vert t-skjorte-premiar til dei 20 beste i kvar disiplin.
Konkurransedisiplinane i samband med komtilfitjarlanseringa i er:
-Stylteløp på tid
-Presisjonskasting med fiskestong
-Hesteskokasting
-Presisjonspasning med fotball mot kjeglemål.
Tidsplanen for det som skjer på Sjøsio på laurdag ser elles slik ut:
Kl.09.30 Påmelding fiskefestival
Kl.10.00 Offisiell opning av komtilfitjar.no
kl.10.30 komtilfitjar-konkurransane startar. (Held på til 13:45)
Kl.11.00 Bryggjefiske for born 2-10 år
Start stongfiske pulje 1
Start stongfiske pulje 2
12.00 Start båtfiske
14.00 Premieutdeling komtilfitjar-konkurransar
15.30 Premieutdeling Fiskefestival