Kick-off arrangementet for arbeidet med Næringsplan for Fitjar 2014-2018 skapte både inspirasjon og entusiasme.

Det kan sjå ut som det er god grunn til å tru at denne planen verkeleg kan bli eit godt verktøy som næringslivet og Fitjar kommune kan jobba ut i frå – og at han vil gjera ein forskjell for utviklinga i Fitjar!

Det viktigaste i så måte i går kveld var nok gruppearbeidet/idémyldringa i slutten av samlinga. Her kom det fram ei rekkje konkrete og spenstige idear og framlegg som kan gjere bygda meir attraktiv om dei vert realisert.

Før det hadde Astrid Kjellevold Steinsland og Nina Østensjø Borrevik frå Atheno, og Torstein Hatlevik frå Håheim Gaard på Tysnes, sett forsamlinga i rett modus gjennom svært inspirerande innlegg. Innlegg som fekk fram både kva ein her snakkar om, og som fremelska kreativitet og entusiasme.

Strategiar
For å gjere gruppearbeidet konkret hengte prosjektleiarane frå Atheno opp fem plakatar. Overskrifta på kvar av dei var ein strategi som passar Fitjar kommune. Det ovannemnde gruppearbeidet gjekk så ut på at kvar gruppe hengte fire post-it lappar med idear på kvar av dei. Slik vart svært mange tankar og idear synleggjort, og det heile vart endå meir understreka ved at kvar gruppe forklarte litt meir om det som stod på lappane i plenum etterpå.

Her er litt av det som fram under dei forskjellige strategimåla:

Omdømebygging og marknadsføring
Vidareutvikle lokalprodusert mat, få torg i Fitjar sentrum, få lagt inn stopp på Fitjar i Pilgrimsleden, nytte lokalmedia (Fitjarposten), få eigen turistsjef i Fitjar, forsetje å byggje opp Fitjarfestivalen, arrangere retrofestival og styrkje eksisterande kulturarrangement.

Bu- og oppvekstkommune
Turlysløype, skaterampe i sentrum, sjølvfinansierande molo, prioritere aktivitet for ungdom, motocrossbane, realisere tiltakspakke Fitjarfjellet, full barnehagedekning. Aktiv integrering.

Næringsvennleg
Kort saksbehandling, nydyrking i fjellet, nytt næringsområde, gjenkjøp av ubrukte tomter i Håkonar Næringspark, ungt entreprenørskap, gjere det enklare å få ting til i Fitjar, støtte opp eksisterande næring.

Reiseliv og kultur
Sjå vikingkultur, kystkultur og vindkraft i samanheng, vidareutvikle Kråko, tilrettelegging for reiseliv/pakketilbod, fleire flytebryggjer i øyane, offentleg toalett og dusj i Fitjar sentrum (ope heile året), bemanna turistkontor med guidar.

Infrastruktur
Mobildekning i heile fitjarbygda, molo (sjå illustrasjon), kai for cruiseskip, betre busstilbod i helgane, bru Langenuen i nord, veg frå Sjoarreset til Dåfjorden, omkøyringsveg Fitjar sentrum, båt for personelltransport.