Onsdag 5. mai vert ein spennande dag i jubileumssamanheng. Denne dagen er den verkelege jubileumsdatoen der ein markerer 150 år sidan det første kommunestyremøtet.

Det heile skjer i Færøysund frå klokka 11.00 med mellom anna professor Frank Aarebrot til stades. Det går skyss frå Sandvikvåg mellom kl. 10.00 og 11.00. Kjem du med privarbil må du parkere på Sandvikvåg.

Men torsdag 6. mai vert òg ein stor dag. For det første opnar «Rimsvarden» med «snorklipping» på føremiddagen,etter at ein no har tilrettelagt forholda for turisme.

Men det absolutt store denne dagen vert lanseringa av jubileumsboka i Kultursalen. Ei bok det er store forventningar til og som vart mykje meir omfangsrik, både med tekst og bilete, enn ein tenkte det i starten.

Og ikkje berre det: Samstundes med boksleppet vert det lokal kabaret på scena ved Osternes mannskor, Anne Sofie Drønen, Torhild Andersen og Tom Rydland, akkompagnert av Sven Tørquist (piano), Harald Rydland (trekkspel) og Heine B. Helland på bass. Tekstane er av Tora Vestbøstad, Lars Vik, Harald Vik og Jakob Vik.