Å gå på tur med lommelykt i mørkret er kanskje litt meir spennande enn ein vanleg tur i dagslys. I alle fall var det mange som tok turen til Lundarstølen nyleg for å vera med på lommelykttur.

Barnas Turlag inviterte m.a. til skattejakt og grilling ved den nye gapahuken på Lundarstølen, og det strøymde på med bilar ved kraftstasjonen då mørkret seig på i halv seks tida. Det var truleg mellom 120 og 150 personar som følgde refleksane frå parkeringa og bort til stølen, der to bålpanner stod klare for pølser og anna grillmat.

Etter litt mat vart det delt ut premiar til alle som hadde minst 3 klipp i topptrim-kortet, og i tillegg vart det trekt ut ei fiskestong og ei lommelykt blant dei ca 30 born som hadde levert inn.

Så var det tid for skattejakt i området rundt stølen, der ca 20 refleksar var lagt ut. Ved nokre av refleksane var det posar med ulike småpremiar – og borna kunne ta ein av kvar type så lenge det var.

Det høge deltakartalet gjorde at det fort gjekk tomt på enkelte «postar», men det var fasinerande å sjå på alle lysa som «svirra» rundt i området. Det vart òg tid til grilling av marshmallows før det var på tide å gå tilbake til bilane, og sjølv om det vart litt regn i lufta på slutten, trur me at alle hadde ein fin kveld.