Paul Vik har hatt ein fantastisk vårsesong ved å vinne alle dei tre første  rundane i Vestlandsmeisterskapen i rallyross Supernational kl 3. No går han ein spennande haustsesong i møte. Foto: Håkon C. Hartvedt

 

– Første runde i haustsesongen startar allereie til helga i Egersund, og finalen går 19.-21. september, fortel Paul, som altså ligg svært så godt an til å henta den store pokalen heim til Fitjar.

Håvard Helland vann Vestlandsmeisterskapen i fjor. I år er ikkje han med. 

Men kanskje er det Paul Vik med sin Volvo 940 sin tur i år?