Fredag 31. oktober inviterer Osternes mannskor igjen til konsert, denne gongen til haustkonsert i Fitjar kultur- og idrettsbygg.

Denne gongen  har me med oss gjestekora  Corona og Leirvik mannskor.

Corona er eit reint damekor som starta opp så seint som i 2005 med berre 9 songarar, men er no nesten dobla. Dei var med i songkonkurransen «Syng for oss» i Grieghallen i vår, og gjorde det svært bra.Dirigent for koret er Synnøve Tollås.

Leirvik mannskor er vel kjent her på øya, og har eksistert i mange år. Dirigent for koret er Tone Heide.

Vertskoret er Osternes mannskor, som og var med i «Syng for oss» i vår. Koret fyller 75 år neste år, og dirigent er som vanleg Ole Christian Ottestad.