Foto: Sunnhordland museum

Sunnhordland museum byr på spennande program for både store og små i haustferien i neste veke.

Veka startar med temakvelden «Fordommar i krig og fred» måndag 5. oktober. Der vil fyrst konservator Helge Pedersen halda foredrag om raseteoriane og ideen om eit rasehierarki som nazistane bygde programmet sitt på før krigen.

Fordommar i Krig og fred, Foto: utlånt frå Karen Maria Korsvik

– Før krigen var fordommane mot jødane mange, medan etter krigen ville ein fjerna alle spor etter tyskarane, skriv museet i ei pressemelding.

Ei av dei som opplevde dette på kroppen var Karin Maria Korsvik, dotter av ei ung mor frå Bergen og ein tysk soldat. Ho vaks opp i fosterheim på Fitjar, og formidlingsleiar Johanne Øvstebø Tvedten vil fortelja hennar historie i framføringa «Ei jente på Fitjar – eit kors i Alakurti».

Populær blant dei minste

Tysdag, onsdag og torsdag vert det mogleg å få med seg den svært populære utstillinga av Doktor Proktor sine usannsynlege dyr.

Les ogso: Sjudobla besøkstalet i sommar!

– Ein kan ogso fiska i sildeutstillinga eller byggja seg ein barkebåt ute ved bassenget. Dei aller minste kan også vera med Johanne Ø. Tvedten og leika i «Landet ved bekken» der Dustefjerten og Bollefisen og alle dei andre bur. Figurane står i Vidsteenparken, og opplegget byggjer på Rune Belsvik sine bøker.

Byvandring

Onsdag kan ein hiva seg med på historisk byvandring med Tore Lande Moe i Leirvik, men her gjeld det å vera tidleg ute.

– Grensa går ved 50 påmeldte. Vandringa vert på rundt 1,5 time og går frå gamle Frugårdsbrua nedanfor bedehuset til om lag Hagerupshuset.