Litt «skummelt» og derfor kjempegøy med berre lommelykt i eit helt mørklagt, stort hus. Foto: Håkon C. Hartvedt

Rundt 40 born frå Søndagsskulen i Fitjar vart i går kveld invitert til HalloVenn-fest på Fitjar bedehus. Her fekk dei vera med på eit spennande karneval/bad-taste-party.

Helga Rimmereid i Søndagsskulen fortel til fitjarposten.no at dei har arrangert noko liknande tidlegare, men at det i år var første gongen dei var med på HalloVenn-opplegget. 

Og artig og spennande var det. Gøye konkurransar der dei jobba, både i gruppe og einskildvis, med forskjellige oppgåver. Her fekk ein bruk for både kunnskapar, evna til å laga dyrelydar og lommelykt – og heilt spesiell spennande mat og drikke.

-Me hadde ein kjempekjekk fest, og både søndagsskuleleiarane og alle ungane var veldig fornøgde og glade då me avslutta kl. 19.15. Gøymeleiken m/lommelykt på eit heilt mørklagt bedehus var kjempespennande. 

Det var fantastisk mange flotte kostyme, og det var vanskeleg for juryen å velja ut vinnarar, men det måtte til, og prisen for beste kostyme gjekk til B-gjengen, som var Sindre, Vegard og Tor Håkon Aarbø. Premie for dårlegast smak fekk han som hadde ei underbukse på hovudet, men det må seiast at han og hadde eit svært flott og fargerikt kostyme som kunne kome like langt opp i den andre kategorien: Prisen gjekk til Ørjan Larsen, seier Rimmereid.

Denne gongen var det «Bibelgjengen» og «Agentklubben» på Søndagsskulen som vart inviterte. Og mest alle kom. -Om me har kapasitet til å utvida neste år, får me diskutera når me evaluerer arrangementet, seier Helga Rimmereid til fitjarposten.no

Litt «skummelt» og derfor kjempegøy med berre lommelykt i eit helt mørklagt, stort hus. Foto: Håkon C. Hartvedt

Gruppekonkurranse. F.v. Tor-Andre Spissøy, Torstein Træet og Thea Træet. Foto: Håkon C. Hartvedt
Gruppekonkurranse. F.v. Tor-Andre Spissøy, Torstein Træet og Thea Træet. Foto: Håkon C. Hartvedt

Heilt spesiell mat...
Heilt spesiell mat…

..og drikke.
..og drikke.

Heile gjengen. Foto: Håkon C. Hartvedt
Heile gjengen. Foto: Håkon C. Hartvedt

Leiarane var med på leiken. F.v. Astrid Prestbø, Lars Vestbøstad, Helga Rimmereid og Elisabeth Moldestad. Foto: Håkon C. Hartvedt
Leiarane var med på leiken. F.v. Astrid Prestbø, Lars Vestbøstad, Helga Rimmereid og Elisabeth Moldestad. Foto: Håkon C. Hartvedt

steroidi online