Med lesing, synging, dansing, drama, smaking, praktiske øvingar, baking, spørsmål og samtale vert 6.-klassingane som deltek på kode B meir kjende med Bibelen.

Tretten 6.-klassingar har så langt delteke på dei tre kode B-samlingane som kyrkjelydspedagog Silje H. F. Fyllingen har invitert til. Det heile starta med skapinga, og på tredje samling, som var på fredag, var dei komne fram til Jesu fødsel og liv. No gjenstår det to samlingar. Den siste er gudsteneste på såmannssøndagen, og førebuinga til denne starta allereie denne fredagen. Dramaekspert og pedagog Eli Simonsen var hyra inn for å setta 11- og 12-åringane i sving med å dramatisera såmann-teksten. Med ein inspirerande lærar var elevane lette å engasjera, og innøvinga av pantomimestykket gjekk som ein leik.

6.-klassingane kom direkte til kyrkja etter skulen og fekk først servert mat, før prestane Olav J. Oma og Nobukazu Imazu og kyrkjelydspedagog Silje H. F. Fyllingen tok dei med inn i Bibelen og Jesu liv. Det var ei lydhøyr og engasjert forsamling som deltok med lesing, spørsmål, svar og spennande innspel og som var lette å be då dei skulle «leika» nattverdsmåltid liggande på golvet i kyrkja. Nattverdsbrødet hadde dei baka sjølv på sist samling som var på bedehuset, og vinen vart symbolisert med saft.

Kode B er ein del av den store trusopplæringspakken som alle døypte skal få tilbod om, og er retta mot dei som går i 6. klasse. Det er første gong dette vert gjennomført på Fitjar, og det er derfor eit prøveprosjekt som berre elevane som høyrer til på Rimbareid skule har fått invitasjon til. Planen er at om dette er vellukka skal dette gjentakast neste år, og då for alle 6.-klassingane i heile Fitjar. Etter stemninga i kyrkja å døma er det ingen grunn til å ikkje la dette verta ein årleg tradisjon.