Mykje spennande er å oppleva for den som vil ta turen til Brandasund i helga. Om ikkje Brandasund lenger ligg i Fitjar kommune, manglar det ikkje tilknytingspunkt mellom denne plassen og bygda vår.

For det første er Slåtterøy fyr 150 år.
Då det stod nytt representerte det den mest moderne fyrarkitekturen her til lands, og i» alle åra sidan, unnateke okkupasjonstida, har fyret vore eit trufast hjelpemiddel for trygg navigasjon langs vestlandskysten.», heiter det i ei pressemelding i samband med jubileet.

Vidarae lkan me lesa at om fyret no er avbemanna, har dette gjeve rom for ny bruk av bygningane og gjort dei tilgjengelege for folk flest.

-Venner av Slåtterøy fyr organiserer den nye bruken av fyret. Foreininga, som er tilslutta Norsk fyrhistorisk forening, arbeider i nært samarbeid med Kystverket for å gje ålmenta tilgang til fyret og å formidla fyrhistorie. Foreininga har per i dag 135 medlemer. Fyrbustaden er i sommarhalvåret mykje nytta av fyrinteresserte og andre som ynskjer å komma havet og det flotte naturmiljøet i området nær, heiter det.

Førstkomande søndag (23. august) kl. 11.00 vert dette jubileet markert  med fyrhistoriske foredrag i festsalen, på Brandasundtunet, helsing frå havne- og farvannssjef Arnold Jacobsen og foredrag av professor Dagfinn Moe, Bergen Museum, som snakkar om  fyrstasjonar i et botanisk perspektiv.

Frå kl. 12 vert det tur til Slåtterøy frå Skjeret til opne hus på fyret med omvisning i tårnet, historisk vandring, song ved Havdur og sal av kaffe og vaflar. Skal du vera med på dette må du hugsa redningsvest. Arrangør for arrangementet er «Venner av Slåtterøy fyr.»

Men dagane før, både fredagen og laurdagen er fulle av kulturelle aktivitetar.

Her er det rikhaldige programmet for alt som skal skje i Brandasund i helga:

Frodig Fredag
Kl 19.00 Brandasundtunet, Festsalen
-Opning av ordføraren i Bømlo Kommune
-Fiolin, Carina 8 år med fleire
-Diktlesing,  av og med Gustav Rasmussen
-Kjersti Nilsen og Rebekka Gåsland syng Eva Cassidy melodiar
-Ole Bergesen, revyartist
-Sissel Jørgensen og Sølvi Nysæter med ablegøyer
-Allsong
Galleri i 2. etg. Bjørg Strømme, Maren Sofie Strømme, Jane Robberstad,
Sigurd Søreide, Tanja Huglen
Sal av kaker og kaffe i galleriet, i pausen.

Lystig Laurdag
Aktiviteter ved og rundt Tunplassen
-Kl 11.00 Velkommen, saxofon v/Trond Haldorsen
-KL11.15  Bømlo Hundeklubb, presentasjon og show
-Kl 12.15 Sjørøvarskipet Seladon legg til kai på Skjeret.
Her blir det show og skattejakt.
Ansiktsmaling
Det blir anledning til å vera med Seladon og sjørøvarane på tokt
ut i havgapet. Turen varer ca 45 min.  Seladon tar 35 passasjerar.
Kl 12.30-Bømlo og Sauda Trekkspelkl.  spelar ,  allsong
ca Kl 12.00 start matøkt v/ kapellet
-Fiskesuppe
-Grilla aure m/tilbehør
-Lappar og kaffi i 1. etg Brandasundtunet
Kl 14.00 Festsalen, Odd Hallaråker, film om fuglelivet vest på Bømlo
Kl 15.30 i Kapellet, PREMIERE!!
”Vår eigen” Irene Waage syng tekstar av Jon Fosse
Med på gitar Morten Færestrand
Området stenger kl 17.00
Kl 19.00 Grillkveld for heile fam. ved Brandasund Fiskeforedling
-Grillane står tende på plassen. Ta med det du vil grilla/eta sjølv
-Sjørøverskipet Seladon med sjørøvarane frå havgapet,
skapar piratstemning i Kastevika
-Orkesteret FANT spelar opp til leik og moro. Høve til ein svingom i sumarnatta.           Musikken sluttar av ca kl 01.oo

Solskinns Søndag
Jubileum 150 år, Slåtterøy Fyr
Kl 11.00 Vener av Slåtterøy Fyr med jubileums program i Kapellet.
-Fyrhistorisk foredrag
-Kvinna sitt virke rundt fyret, hagestell m.m. v/professor Dagfinn Moe
Kl 12.00 Tur til Slåtterøy Fyr, båtskyss frå Skjeret. Ta med redningsvest!!!
-Guida tur i fyret.
-Kulturhistorisk vandring m/krigshistoria på øya, med guide
-Havdur held konsert ved fyret
Brandasundtunet:
ca Kl 12.oo start matøkt v/kapellet og Tunplassen. Fiskesuppe,grilla laks, lappar/kaffe.
Kl 14.00 Tur over lyngheiene og ut mot havet (Skumsneset). Start frå Tunplassen. Ta på gode sko!
Kl 16.00 Gudstjeneste i Kapellet, Havdur syng.
Me sluttar av Himmel og Hav  2009  ca kl 17.00

Utstillingar i helga:
Kjellaren i kapellet:
-Glaskunstnar, Alma Kjærland
-Vevnad, Ruth Hagen
-Handlage smykker, Margareth Hegdal
-Tredimensjonale kort,Tove Hope
Brandasundtunet:
-Galleri med biletkunst, lokale kunstnara 2. etg.
-Smykker frå Israel
-Lindukar, krystall frå Aust Europa, Inger Anita Rolfsnes
-Sjå og lær korleis knipplinger og nuppereller blir laga,  v/Ågot Innvær
-Lappeteknikk, filleryer
Tunplassen:
-Loppemarked
-Bømlo Kystlag m/gamle motora. Til glede for auga og øyra.
-Fisketorget, Ole Torget
-Hildes Ve og Vel, hundeklipping. Produkter for hund og eier.
-Heimastrikka vottar og sokkar. Marta Helland
-Stand, Vener av Slåtterøy Fyr
-Knivar, Nils Olav Hystad m.fl.
-Handmåla t-skjorter, smykker og øyrepynt, Jorunn Blikshavn
-Kreativ maling m/ Woork-shop, utstillingMay Britt Øydvin
– Fruktsalg. Fam. Lutro frå Hardanger