På veggen på Sjøsio heng eit bitte lite bibliotek til glede for både turistar og fastbuande. Prinsippet er at du kan ta ei bok om du puttar inn ei anna.

Det vesle minibiblioteket er kalla «Little free library» og idéen kjem ifrå USA. Der er det mange slike. I vårt område er det så langt berre Kvinnherad som har eit slikt, i tillegg til Fitjar. 

Bibliotekar Silje Vågen Torbjørnsen fortel at ho kjøpte eit høveleg skåp  på Gjenbruken i Sagvåg, måla det og sette på plakat – før heile stasen vart montert på Sjøsio, like ved inngangen til Larsenbygget.

I bokskåpet ligg det bøker for både vaksne og barn. Nokre lydbøker såg me òg.

Nokre båtturistar som var til stades nytta med ein gong høvet til å byta bøker dei nett hadde lese med nye frå skåpet.

Minibiblioteket vart opna av kultursjef Bente Bjelland med god hjelp frå Erik (8) og Marius (11). Begge med etternamn Torbjørnsen.