Det tradisjonsrike andeløpet i samband med revyfestivalen vart ein spennande affære i år.

And nummer 119 «eigd» av Jakob Bjelland leia svært lenge, men mykje skjedde på slutten, og anda til Bjelland enda til slutt på 8. plass. På slutten veksla leiinga fleire gonger. Nokre av endene som låg langt framme sette seg fast, og om lag 50 m frå mål seglde bokstaveleg talt Turid Dalen si and (Nr. 150) opp i ei klar leiing som ho heldt heilt inn.

Her er nummera på andelsbreva som vann premie:

1.   150
2.   158
3.   213
4.   319
5.   250
6.   164 
7.   210
8.   119
9.     35
10. 214