Tveit regnskap og Forsøksringen Hordaland har gått saman om eit spennande opplegg for framtidsretta mjølkeproduksjon. I går blei opplegget presentert for Fitjarbøndene.

Ein av bøndene som var til stades på møtet, som fann stad på Fitjar Fjordhotell, var Harald Rydland. Han syntest det var spennande å kunne sjå på  alternative produksjonsmåtar, og på om det ville svara seg, eller ikkje svara seg, å leggja om drifta. -I det nye systemet for økonomisk styring som Tveit regnskap og Forsøksringen har utvikla, skulle det berre eit par tastetrykk til, når ein først hadde rekneskapstala i systemet, for å få fram til ei rekkje spennande analyser, sa han.

Og nokre av dei tilstadeverande nytta høvet til å få gjort nokre analyser over gardsdrifta si, der og då.