Både fløyteelevar frå Fitjar og Fitjar skulekorps spelte under festframsyninga i samband med Norsk kulturskoleråd – Hordaland sitt årsmøte på Stord.

Det var som var skuleeigarar, etatsleiarar, kulturskuletilsette med fleire frå heile Hordaland som var samla på Stord til to dagars konferanse og årsmøte i Norsk kulturskuleråd – Hordaland. Som ein del av programmet var det lagt inn ei festframsyning på Stord vidaregåande skule, der nokre av dei gruppene som høyrer til i kulturskulane på øya viste litt av det dei held på med. Først ut var Fitjar skulekorps som opna det heile med ein fanfare av James Curnow. Vidare spelte dei den flotte Epilogue av Haakon Esplo, der Anne Lunde på kornett hadde eit fint soloparti. Utanom korpset var det med ei strykargruppe frå Stord, kor frå Stord, dansarar frå Stord, ei samspelgruppe frå Stord og ei fløytegruppe satt saman av elevar frå både Stord og Fitjar kulturskule under leiinga av fløytelærar og kulturskulerektor i Fitjar Anne Lene Ø. Jordåen. Frå Fitjar deltok fløyteelevane Olga Vestbøstad, Helene Eiken og Synne Hollund. Gruppa framførde ein flott regn-rock med tilhøyrande kledning og dansesteg.

Framsyninga var eit lukka arrangement, så det var berre dei som deltok på årsmøtet som fekk dette med seg. Det sat vel 50 tilhøyrarar i salen, og kulturskuleelevane mottok stor applaus og ein sjokolade kvar som takk for framføringane sine.

Musikkantane i skulekorpset hadde forventing om å spela for ein kjend rikspolitikar, men ho såg dei dessverre ikkje snurten av….