Fitjar musikklag inviterer til sommarkonsert i sentrum!
Laurdag 13. juni vert det liv i sentrum når musikklaget inviterer til ein sommarkonsert som vil få det til å rista i dansefoten.
– Vermeldinga lovar 22 grader og sol, so kvifor ikkje ta turen til sentrum, spør dei blide musikantane.
Gjengen vil byrja å spela i 10-tida, og tenkjer at sommarkonserten vil vara i om lag ein time.
– Eg kan garantera god stemning og flott musikk, fortel leiar i musikklaget, Ragnhild Prestbø.