– Fitjar KFUK-KFUM speidarar motiverer barn og ungdommar til å bli oppteken av Jesus, og friluftsliv i den flotte fitjarnaturen. Dei har samling hver annen onsdag, fortel kyrkjelydsprest Nobukazu Imazu.

Han fortel vidare at dei hadde kanotur på Storavatnet onsdag 21. april.

– Då padla me ut frå Breiavikjo i kano, to og to i kvar. Padleforholda var helt greie. Det var sol og det bles ikkje mykje, sjølv om det var litt kaldt. Vi koste oss med bollar og kakao då vi kom tilbake til Breiavikjo, får me vita.

Nobu fortel vidare at speidarane skal ha overnattingstur i Fitjarfjella 12.-14. mai.