Årets største speidarleir i Noreg no i gong på Fitjar. I dag var det mellom anna friluftsgudteneste i leiren i Breivik, med mange bygdefolk til stades. Utover heile gårsdagen strøymde det inn med ivrige speidarar frå Hordaland, Sunnhordland og Nord-Rogaland. Store delar av dagen blei brukt til etablering av leirområde, før leiren vart offisielt opna med eit heidundrande leirbål klokka 21:00 i går kveld. I dag vart det så felles friluftsgudsteneste på leirområdet klokka 11:00, med påfølgjande kyrkjekaffi, både for speidarar og bygdefolk.

Leiren i år, som for 4 år sidan, er eit samarbeid om kretsleir mellom Ryvarden Krets og Hordaland Krins av Norges Speiderforbund. Ein leir som starta 30. juni og som vil vare til 7. juli, med over 1000 ivrige speidarar, i sjøkanten ved Breivik. Dette vil føre til ei mellombels auke i innbyggartalet i Fitjar på rundt 35 prosent.

Leiren er også spesiell sidan speidarrørsla i år fyller 100 år. Det var 1. august 1907 Lord Baden-Powell tente det aller fyrste leirbålet, og 21 leirdeltakarar venta spente på kva som skulle skje på Brownsea Island. Land etter land høyrte om leiren og starta med speiding. Dette jubileet feirast over heile verda, også på Fitjar.

Her skal dette feirast gjennom ei veke full av forskjellige lærerike og sosiale aktivitetar som toving av speidarhatt, volleyballturnering, marknadsdag, sjøaktivitetar, matlaging, haik og mykje meir. Haiken på årets leir blir og noko annleis enn på tidlegare leirar. Speidarane skal nemleg bli med på ”øyhopping” i Fitjarøyane. Dei skal ta seg fram både til lands og til vanns, i både kanoar og eigenproduserte farkostar -og overnatte under open himmel.

Grunneigar Einar Breivik har berre godord å seia om speidarane. -Dette er flotte ungdommar som veit kva dei driv med, seier han og understrekar at det så langt ikkje har vore problem av noko slag.