Speidarane sette sitt preg på gudstenesta i Fitjar kyrkje i går, fortel kyrkjelydsprest Nobukazu Imazu til Fitjarposten.

Det var ei kjempeflott oppleving å ha speidarmesse i Fitjar kyrke, skriv Nobu. Dei 13 speidarane kledde seg i speidardrakt, og hadde ulike oppgåver under gudstenesta, som samla rundt 130 deltakarar. Preiketeksten for dagen var Misjonsbodet i Matt 28.

Noko veldig spesielt med gudstenesta var lovsnogsteamet med Johanne Fangel Brekke, Irene Solli Koløen, Ingvild Moldestad Oma og Johannes Olsen. Ikkje mange tradisjonelle salmar, men litt friskare lovsongar ble sungne. Det var lite orgelspel; vikarorganisten Audun spelte for det meste piano. 

Speidaren er eit kjempebra tilbod til ungdommane i Fitjar, meiner kyrkjelydspresten, og ein bra kombinasjon av Jesus og friluftsliv. Han ser gjerne at fleire tar kontakt med kyrkekontoret om dei er interesserte.