Banksjef Ingrid Vestbøstad i Sparebank Vest avd Fitjar overrekte i dag 20 000 kr til leiar i Fitjar Seniorsenter, Ingebjørg Seim. 

– Gåva er et ledd i Sparebanken Vest si satsing på «Investering i vestlandsk skaperkraft» og viser banken sin vilje til å ta samfunnsansvar, sa Vestbøstad, og vona at gåva ville bli til glede for mange. Det er det all grunn til å tru at gåva vil, i det ho går til prosjektor og lydutstyr i senteret.

Fitjar Seniorsenter er sjølvsagt svært takksam for gåva som vil gjere senteret endå meir attraktivt.

Samstundes vil dei nytte høvet til å takke alle firma og einskildpersonar som bidrog med gevinstar til basaren dei nyleg hadde.

Ingressbilde: Ingebjørg Seim i Fitjar Seniorsenter tek imot gåva frå banksjef Ingrid Vestbøstad under ei samling på Fitjar Seniorsenter tidlegare i dag. Foto: Håkon C. Hartvedt