Odd Sverre Larsen er ein friluftsmann, her fotografert i sitt rette element. Foto: Kjetil Rydland.

SPAR-kjøpmann Odd Sverre Larsen fortel på Facebook-sida si i dag at han har fått konstatert koronasmitte.

Det var i går den lokale kjøpmannen vår fekk påvist smitta. Etter pålegg frå smittevernlegen i Fitjar blir Odd Sverre isolert til over påske.

I samtale med Fitjarposten i kveld understrekar Odd Sverre at han føler seg frisk. Han har ingen andre symptom enn at han manglar smaks- og luktesans. Så snart han får igjen desse sansane, reknar han med å vera frisk, og kan begynna nedteljinga til å koma tilbake på jobb.

– Det skal gå sju dagar frå eg er symtomfri til eg kan gå på jobb igjen, så eg er uansett ikkje i butikken før over påske, seier Odd Sverre til Fitjarposten.

Både før og etter at regjeringa bad oss vera med på den store smitteverndugnaden 12. mars, har Odd Sverre hatt mykje kontakt med dei fleste av oss. Han understrekar at det er den spesielle posisjonen som lokal kjøpmann som gjer at han går ut og fortel publikum om koronasmitta.

Han nyttar høvet til å rosa det lokale helsevesenet, som har hjelpt til med å få sett i verk nødvendige tiltak på butikken etter at smitta blei konstatert. Smittevernlegen har konkludert med at butikken er ein trygg stad å ferdast.

Odd Sverre ynskjer oss alle ei god påske, og legg ikkje skjul på at han set pris på det lokale helsevesenet og kriseleiinga.

– Det er betryggande å ha kort veg til helsevesenet i ein slik situasjon, og få god hjelp når du treng det, slår den takksame SPAR-kjøpmannen fast.