6. mai 1993 låg det første kundebrevet frå SPAR i postkassane. Mykje har endra seg sidan den gongen.

Mest synleg er nok opningstidene. I 1993 syntest me det var svært dei hadde ope frå 09.00-18.00. I dag er opningstida 08.00-22.00. – Elles har det ikkje minst vore stor utvikling innan vareutvalet, seier kjøpmann Odd Sverre Larsen. Han meiner endring i kjøpekraft, matvanar og handlerutinane til kundane krev eit stadig breiare vareutval. Dette har resultert i at dagens SPAR-butikk har eit vareutval på nær 7000 produkt mot i ca 3500-4000 i 1993. Innflyttinga i nye lokale 14. oktober 2002 var òg ei stor hending i SPAR FItjar si utvikling.

– I 1993 var elles store delar av frukt-/grøntutvalet sesongprodukt. No er dette aktuell vare heile året. Folk er dessutan blitt meir bevisste på matvarer, og for mange er matlaging blitt en fin hobby, seier Larsen, og filosoferer litt over utviklinga:

– Endringar i opningstider og utvikling av senter og handlebyar har ført med seg at ein ikkje «berre» har naboen som konkurrent. Våre kundar er også andres kundar, både nær og fjern, ei utfordring me må møte og stadig jobba for å utvikla i vår butikk. Sjølv om dei fleste hadde bil for 20 år sidan, var ein bytur ei ”reisa”, slik er det ikkje i dag. Byane kjem med sine tilbod nærare og nærare.

– Kva med hyttefolket og båtturistane?

– Dei har alltid vore eit viktig tilskot, sjølv om eg vil understreke at bygdefolket, med alt det inneber av familiar, bedrifter, lag og organisasjonar, både har vore og er basisen i all vår handel.

Fitjarøyane er eit omgrep blant båtturistane. Utviklinga av lystbåtflåten har tradsjonelt hatt mykje å seie for handelen i sommarmånadane. Men me ser ei endring. Mens båtfolket tidlegare heldt seg ved dei mange fine utehamnene i øyane, trekkjer dei no mot organiserte hamner med flytebryggjer og internett.

Dette har me lagt til rette for ved opparbeidinga av SJØSIO, seier Odd Sverre Larsen. Han meiner vidare at utfordringa er å vidareutvikla dette tilbodet. – Her ser me etter partnarar som kan ha interesse for å utvikla Fitjar som eit reisemål for dei som ferdast på sjød’n, utfordrar han.

Når det gjeld hyttefolket legg ikkje Larsen skjul på at hytteutbygginga på Kråko har vore positivt for SPAR Fitjar.

Førstkomande torsdag til laurdag markerer SPAR Fitjar jubileet ved å selje tre utvalde varer til 1993-prisar.