Førstkomande helg møtest 600 unge fotballspelarar på grasbanen i Fitjar Idrettspark på Fitjar. Den årlege turneringa for dei små har fått namnet SPAR Fitjar Cup.

I alt er det påmeldt 75 lag frå nærområdet vårt, dvs. Fitjar, Austevoll, Solid, Trott og Stord. Det blir 3 eller 4 kampar på kvart lag. Kampane startar laurdag kl. 10.00; første dagen er det årsklassane 1998 og 1999 som spelar. Så går det slag i heile helga. Kampane laurdag er ferdige kl. 15.00, og søndag morgon kl. 09.30 startar det opp igjen. Då er det dei yngste klassane sin tur, ungar fødde i 2000 og 2001.

I Fitjar-turneringa i fjor var det rekorddeltaking med 69 lag; Også i år er det altså ny rekord. Med 600 ungar fordelt på 75 lag, med besteforeldre, foreldre og trenarar osv. blir det eit yrande liv på grasbanen i helga. For å få avvikla kampane er grasmatta delt opp i 6 små banar. Held veret seg, er det berre å håpa at vassverket kan avsjå litt vatn i spreiaren i år og – til å kjøla ned ungane…

Det blir to kioskar – ein i klubbhuset og ein på indre bane. Her der det foreldre som stiller opp med bakverk og kiosksal. Elles er det mange andre frivillige som stiller på dugnad opp også i år. På laurdagen vil MX Sport vera på plass med salstelt.

OBS! Turneringa fører til at A-lagskampen på laurdag kl. 15.00 går på kunstgraset.