Meir enn to tusen var innom Fitjar Idrettspark på SPAR Fitjar Cup i helga, når ein reknar med deltakarar, trenarar og leiarar, foreldre og besteforeldre, tanter og onklar, og andre pårørande.

Finteljinga viser at til saman 557 spelarar – fordelt på 74 lag – deltok i turneringa på laurdag og søndag. At mange av desse hadde med seg søsken, foreldre og andre kjente viste spesielt godt igjen på søndag. Då var det kø i dei to kioskane heile dagen. Foreldre stilte villig opp på dugnad i kiosksalet, og folk fekk det dei hadde bruk for av pølser, brus, is og heimebakte kaker. Kiosksalet gav naturleg nok sårt tiltrengte pengar i kassen til fotballgruppa, som håper å komma ut av turneringa med eit pent overskot.

Barneleiar Mai Britt Sandtorv i fotballgruppa fortel at arrangementet blei avvikla utan noko rusk i maskineriet. Til å setja opp dei 115 kampane brukte ho eit nyinnkjøpt dataprogram, "Cup assist", som viste seg å fungera perfekt. Alle kampane blei avvikla etter tidsskjemaet, og det er grunn til å rosa dei unge dommarane på 13, 14 og 15 år. Dei yngste har blitt kursa av Roald M. Nilsen i år, og dømte sin aller første kamp under denne turneringa.

Fotballgruppa gler seg naturlegvis over eit knirkefritt arrangement som gav overskot. Men dei gler seg sjølvsagt mest over at turneringa blei avvikla utan ein einaste større skade, og over den store idrettsgleda som blei vist på grasmatta. Det er jo det som er heile vitsen – å gi ungane fysisk fostring og idrettsglede.