Årskog museum hadde spanande tilbod både til liten og stor under den opne dagen som Fitjar kommune og Sunnhordland museum skipa til i går.

Å gå på museum treng slett ikkje vera kjedeleg – om nokon skulle tru det. Både unge og gamle fitjarbuar i hopetal strøymde til museet i Årskog, saman med ein og annan tilreisande sogeelskar.

Gjestene blei møtte med eit variert tilbod, både av det tradisjonelle historiske slaget, og meir «lette» aktivitetar. Spesielt mynta på den yngre garde var luftgeværskyting, knyting av lyng- og eplekransar og tvinning av hoppetau på «reperbanen» inne i floren. «Pust i Pøsen» – blåsig av raunebær på ein blink som var ein mjølkeholk – såg ut til å engasjera både store og små like mykje.

I gamlahuset serverte Jorunn Hernes og Johannes Sandvik flatbrød med nykinna godt smør. I søraståvo sat damer frå Fitjar husflidslag og hekla og sydde, i noraståvo sat Birte Titlestad og spann på rokken, medan Bodil Raudstein strikka. I kjellaren i nyahuset stod Heidi Liarbø og vov på Oppstad-veven, ein hauggamal tradisjon som har gjort Berta Liarbø kjend langt ut over Fitjar sine grenser.

I høytufto er det ikkje høy lenger, men her var det rigga til eit lite «forsamlingslokale». Det fyltest opp på benkene då Johanne Øvstbø Tvedten gjorde seg klar til forteljestunda «Sterke historier». Ordførar Wenche Tislevoll nytta høvet til å takka Fitjar husflidslag for innsatsen på Årskog museum, både med den opne dagen, og med gjenstands- og testilmagasinet. Leiar Petra Espevoll fekk overrekt ein sjekk for den uvurderlege jobben husflidsdamene gjer for museet.

Også kultursjef Bente Bjelland i Fitjar kommune understrekar kor viktige Fitjar husflidslag er for museet. – Me hadde nok ikkje kunna avvikla ein slik open dag utan dei, seier ho til Fitjarposten. Dei er lette å be, seier ho, og me skuldar dei ein stor takk! Bente Bjelland nyttar òg høvet til å takka Fitjar Skyttarlag, og ikkje minst Årskog barnehage, som stilte opp med kaffi og kaker.

Som alle veit er Johanne Øvstebø Tvedten ein forteljar av det sjedne slaget. Ho fortalte om Døscher Olai Aarskog og Store-Knut frå Austevoll, begge store og sterke menn, og om kor viktig det var å vera sterk før i tida. Dette poenget illustrerte ho òg på ein levande møte gjennom eventyret om Mumle Gåsegg, og om andre heltar som risikerte livet for å berga andre. Sterke historier som var med på å gjera dagen i Årskog til ei sterk oppleving!

Ingressbilete: Så kjekt er det å veva på Oppstad-vev, synest Heidi Liarbø. Endå kjekkare er det for oss andre at ho held i hevd ein tradisjon som Berta Liarbø i si tid hindra i å døy ut. Foto: Kjetil Rydland.