Rundt 20 litteraturinteresserte fitjarbuar nytta høvet til å møta den lokale forfattardebutanten Svein Tarald Framnes, saman med to andre lokale forfattarar.

Med på kveldens forfattarslepp var òg Johanne Øvstebø Tvedten og Heidi Eikremsvik. Men det var den unge fitjarbuen som var først ut, då biblioteksjef Silje Vågen Torbjørnsen sleppte forfattarane laus på eit forventningsfullt publikum. Svein Tarald fortalte at han hadde arbeidd vel eitt år med boka «Juletre til Afrika». Han uttrykte glede over å komma tilbake til heimstaden sin, der han har henta hovudmotivet frå boka, hogging av sitkagran i øyane for å rydda plass til ein vindmøllepark. Altså motiv som ikkje var vanskeleg å kjenna seg att i for oss fitjarbuar.

I eit utdrag frå det første kapittelet fekk han presentert dei to hovudpersonane i boka, den 50-årige russiske innvandraren Pavel, som har teke på seg å fjerna sitkagran i øyane, og eg-forteljaren Helge. Sistnemnde er i byrjinga av 30-åra, og har nett komme ut frå ein institusjon, og skal vera med og hjelpa Pavel med granhogsten. Ein tredje sentral person i boka er ordførar Ragnhild Stolmen. Ho er ein svært opportunistisk politikar, som har sett seg føre å ta eit endeleg oppgjer med sitkagrana, som øydelegg kulturlandskapet i øyane. At motivet hennar ikkje berre er edelt, får me vita når det etter kvart kjem fram at ho vil rydda plass for ein vindmøllepark på eigen grunn i øyane. Den unge forfattaren er oppteken av paradokset mellom å bruka pengar på å pleia kulturlandskapet gjennom granhogst samstundes som det same landskapet skal øydeleggjast med ein vindmøllepark. Men han seier han ikkje gir dette ut for ei realistisk forteljing. Han har ikkje skrive nokon politisk satire, seier han, her er ein del fiksjon og tull og tøys.

Også Johanne Øvstebø Tvedten frå Stord er bokdebutant av året, med boka «… så stal me ein båt …» I kjent stil las ho på sin fengslande måte den eine historia etter den andre frå 1950-talet på Stord og nabokommunane. Gjennomgansmelodien i etterkrigstida var framtidstru, med nye hjelpemiddel som støvsugarar og vaskemaskinar. Og alt var retta inn mot målet, som var framgang på alle felt. Johanne fekk som vanleg fram bodskapen på sin humoristiske og fengslande måte. Historiene sine har ho basert på intervju med seks kvinner og menn i distriktet vårt, blant andre Lilli Ann Drønen frå Fitjar. Ho er oppvaksen på Goddo, og har fortalt fleire gripande historier om besteforeldra sine.

Boka «Levande tradisjonsmat» har Heidi Eikremsvik bygt på ein turné i åtte sunnhordlandskommunar. Ho har teke bileta sjølv, og skapt ei annleis og humørfylt matbok med 100 oppskrifter. Målet hennar har vore å få folk til å verdsetja dei råvarene me har rundt oss, blant anna bæra i skogen og fisken i havet. Og formidla kunnskapen om korleis folk gjorde det før, til nye generasjonar. Boka ser tiltalande ut, og det er å tru at ho lukkast.

Forfattarmøtet i biblioteket blei avslutta med at dei tre forfattarane selde signerte bøker til dei frammøtte. Truleg var det fleire som sikra seg julegåver i kveld.