Elevane trivst på Fitjar vgs, og dei er skulen sin beste reklame. Svært mange av dei som vel Fitjar vgs gjer det etter anbefaling frå søsken og vener.

For to dei to nye elevane som vi plukka ut til ein liten samtale, saman med to som har gått eitt år før, gjeld nettopp det.

– Eg har to eldre søsken som har gått her. Ein bror som som tok restaurant og matfag og ein søster som gjekk på design og handverk. Dei skryt. Det gjer òg mange andre eg kjenner. Og berre etter ein halv time her, trur eg at det skal bli gøy å gå her, smiler Tea Blix som har valt Design og Handverk.

Morten Stenersen begynner på restaurant og matfag og gler seg skikkeleg. – Eg har alltid likt å bake og lage mat, strålar han, og legg til: – Mange eg kjenner har gått her, og eg har bare høyrt positive kommentarar om denne skulen.

Sandra Sawicka og Rezwan Kadir har gått eit år på barne- og ungdom. No gler dei seg begge til å ta fatt på nytt skuleår.
– Overgangen frå ungdomsskulen gjekk greitt. Det var eit kjekt år i fjor. Me fekk mykje fridom under ansvar,  lærarane er kjekke – og så skal me til Ukraina dette skuleåret!!  Det gler me oss skikkeleg til, seier dei samstemt.

– Har de noko de vil seie til Morten og Tea som er nye her?

– Det er ein grei skule, og det er godt miljø. Men ta dykk tid til å bli kjent med Fitjarbygda, slik at de finn fram. Og: Så lenge de er greie med lærarane, er dei greie med dykk, let det.

Høgtid og tydeleg tale
Sjølve opninga av skuleåret for dei rundt 230 elevane starta med ein flott lysbildeserie om Fitjar, ikledd musikk, i Kultursalen i Fitjar Kultur- og Idrettsbygg. Den høgtidelege ramma vart vidare understreka ved at ordførar Wenche Tislevoll var til stades med ei  helsing. Ho takka elevane for at dei hadde valt Fitjar vgs, viste til positive sider ved skulen og kva Fitjarbygda har å by på.

– Så håpar eg at at når de er ferdige vil seia: – Eg er glad for at eg valde Fitjar vgs.

Rektor Leif Helge Engelsen starta med å referere frå ei elevundersøking som synte at elevane trivst svært godt ved Fitjar vgs, men at det òg er utfordringar ein må jobbe med.

I ein svært tydeleg og velforma tale oppfordra han elevane vidare til å fokusere på det positive, ta ansvar for eiga læring og vere aktive i å jobba for eit godt klassemiljø.

– Du vel sjølv kor mykje du vil leggje i dette skuleåret. Mi oppfordring er at du brukar det godt og ikkje tek på deg så mykje utanfor skuletida at det øydelegg læringa di, sa Engelsen til slutt.