Foto: Fitjar Idrettslag

Fitjar Idrettslag haldt sitt aller første årsmøte over Teams, og har sendt oss ei lita pressemelding frå korleis det gjekk.

Den 28. april hadde Fitjar IL årsmøte, på Teams. Her gjekk vi igjennom vanlige årsmøtesaker, og med gode og stødige Agnar Aarskog som ordstyrar gjekk det på skinner.

Det var ingen dramatikk i sakane, og det blei synleggjort at idrettslaget har ein sunn økonomi, men samstundes ser ein at idrettslaget opplever eit medlemsfall grunna Covid- 19. Idrettslaget er svært takknemleg for god støtte i frå lokale næringsaktørar, utan den støtta, hadde barn og unge ikkje hatt eit like godt tilbod som det er i dag.

Det ble valt eit styre for 2021 som er motiverte til å få opp igjen motivasjonen til både leiarar og utøvarane i laget. Heile årsmøte sa seg einig i at det nyvalte styre, ser ut til å ha viljen som trengs til å få tilbake medlemmane så snart pandemien snur.

På årsmøte blei det samrøystes vedtatt at heidersmerke for 2020 skulle gå til Sonja Pedersen. Ho har gjort en uvurderleg innsats både for hovudlaget og spesielt for friidretten. Friidretten har Sonja i lag med fleire dyktige trenarar leia til å få opp motivasjon og innsats. Dette kan vi og sjå ut i frå gode resultat, tross covid- 19 i 2020. Fitjar IL, med friidrettsgruppa i spissen har mange prosjekt på gong, blant anna ny tidtakarbu. Med Sonja i spissen veit me at arbeidet vert leia godt.

Styreleiar Geirmund Aga er svært takknemleg for styret sitt arbeid i 2020, og den innsatsen som vert lagt ned for at barn og unge skal ha best mogleg tilbod i organisert idrett. Utan styret sitt arbeid, hadde det vært nærmast umogleg. Dagleg leiar Vidar Aarskog er også ein stor bidragsyter i idrettslaget når det gjeld å leia laget i rett retning. ALT SKAL BLI BRA til slutt. Og styret i idrettslaget står i stormen, og skal komme styrka tilbake.