I morgon er det klart for ny songstund på Cafe Annemor. Så likar du å syngja gamle slagarar og songar frå den gamle skulesongboka, er det berre å stilla opp.

Som vanleg er Lars, Jakob og Håkon med, og det vert enkel servering med rundstykke, kaffe og kake. Det heile kostar 70 kroner, og startar klokka 18.30.

Neste songstund blir om fire veker.