Songstunda på Cafe Annemor som vart utsett tidlegare denne månaden, vert arrangert førstkomande onsdag.

Som vanleg vert det allsong, historier/anekdotar og servering. Men tida er flytta ein halv time fram.

Medan ein tidlegare har starta klokka 18.30, startar songstunda no klokka 18.00. Og det er ikkje berre for pensjonistar, men for alle som likar å syngja gamle slagerar og skulesongboksongar.