Anne Karin Nilsen har sendt tekst og bilete frå songstund i Friluftsbarnehagen.

Fredag 4. juni hadde Fjellheim Friluftsbarnehage koselig besøk av ordføraren vår Harald Rydland. Han spela mange kjente og kjære barnesongar til oss. Ungane song av full hals! Nokon trudde at ordføraren skulle læra oss nye ord. Ungane fekk prøva å spela på trekkspelet og på toppen av det heile viste Harald fram det flotte ordførarkjedet.

Tusen takk til Harald Rydland for ei flott songstund, helsar små og store i Fjellheim Friluftsbarnehage.