Onsdag er det klart for ny songstund på Cafe Annemor. Dei siste gongene har det vore ønskjekonsert etter maten. Slik blir det på onsdag òg. Denne gongen tek me òg med nokre fleire songar av Tora Vestbøstad, og nokre nye songar vil det òg bli.

Songstunda startar kl. 18.30 og kostar kr. 70 inklusiv servering. Som vanleg står Lars, Jakob og Håkon for programmet.