Bebuarar og personale fekk eit lite, men kjærkome avbrekk i kvardagen torsdag ettermiddag, då fire songarar frå Bergen heldt songstund på Fitjar bu- og behandlingssenter.

Initiativtakar var Signe Rimmereid, som hadde invitert musikantane til Fitjar. Ho fortel at ho har kjent Tor Grønn i nesten 60 år, etter at ho møtte han i København då ho var husmorassistent der i sin ungdom. I Bergen blei ho seinare kjent med kona hans, Wenche, og bror hennar, Roald Vevle. Den fjerde songfuglen på Fitjar i dag var Britt Vevle, kona til Roald.

Dagens musikalske gjester opptrer ofte saman med andre musikantar på institusjonar i Bergen, med stort hell. Tor Grønn spela piano og Roald Vevle gitar, medan dei to damene leia allsongen. På programmet stod songar frå den tida då dei modne songarane var unge. «Eg veit ei lita jente», «Blåveispiken» og «Sønnavindsvalsen» var songar som bebuarane sette pris på. Og så kom ei lang rekkje slagerar, til dømes velkjente «Midnattstango», «Det var du som sa nei», «Frøken Freken», «Aldri på en søndag», og ikkje minst «Det var på Capri».

Dei kjente tonane lokka fram smilet og glimtet i auga hjå bebuarane, som møtte opp i hopetal i daglegstova. Det var ingen tvil om at bebuarane sette pris på besøket, og song med.

Til slutt vanka det både takk og blomar frå initiativtakar Signe Rimmereid, både til musikantane og til alle dei andre som møtte opp. Frå personalet ved institusjonen takka Inger Marie Gilje, som meinte Signe fortente alle blomane. Ho takka for ein nydeleg time, og ønskte gjestene velkomne tilbake ved eit seinare høve.

Ingressbilete: Signe Rimmereid med fire songfuglar i Sansehagen, f.v. Wenche Grønn, Tor Grønn, Signe Rimmereid, Britt Vevle og Roald Vevle. Foto: Kjetil Rydland.