Torsdag 28 mai inviterte Fitjar Kulturkontor ved kultursjef, Bente Bjelland, til song og forteljarstund i Galleri Losjen. Dette er det fyrste av fleire kulturarrangement for eldre i 2015, i regi av «Den kulturelle spaserstokken», som kommunen har søkt og fått midlar i frå. Foto: Bente Bjelland

Bebuarar frå Havnahuset og Fitjar bu- og behandlingssenter var invitert, og dei eldre kunne spasere rett over vegen til et lite og intimt konsertlokale i det gamle, nyrestaurerte Losjehuset kor det for mange er knytt gode minne!

Dei medverkande var Håkon Hartvedt, med  song og gitar, og Harald Johan Sandvik som fortalde frå livet sitt og arbeid i Færøysund og seinare på ferjestaden Sandvikvåg.

Håkon Hartvedt song og spelte gamle, kjende melodiar og songar – og fekk alle med på allsongen. Som vanleg hadde han nokre gode vitsar innimellom!

Harald Johan Sandvik fortalde frå livet sitt og om arbeidet på kaien og på ferjene. Det var bestefaren  som starta i den gamle handels- og gjestgjevarstaden Færøysund, og son og soneson overtok etter kvart. Me fekk høyre historier derifrå og frå Sandvikvåg, om både originale mannskap og merkelege og krevjande reisande frå ei tid kor ferjeturen gjekk føre seg på litt andre måtar enn no!

Siste delen av programmet var ved Håkon, med blant anna ei sjølvkomponert vise og eigen tekst.

Håkon C. Hartvedt. Foto: Bente Bjelland.

Galleri losjen er blitt ein flott samlingsstad i midt i bygda, med utstillingar og konsertar. Publikum sette stor pris på tiltaket!