
Når 17.mai-feiringa ikkje vert som vanleg, kan ein like godt ta den frå Tindaslottet.
Kultur- og likestillingsminister Abid Raja oppfordra allereie alle nordmenn til å vera med å syngja nasjonalsongen kl.13.00 på nasjonaldagen vår.
John Karsten Raunholm fekk ideen om at Tindaslottet måtte vera perfekt nasjonaldagfeiring i denne spesielle tida, og fekk med seg ei handfull menneskjer til fjells.

Mathilde Kloster var med frå ungdomsrådet, og passa på at Fitjarbuen kunne høyra songen ljoma frå hytta kl.13.
– Me hadde litt problem med dårleg mobildekning, men me fekk no til å visa fram denne spesielle hendinga på eit vis.
Ho var raskt ute å meldte seg til å filma denne delen av 17.mai når ungdomsrådet fordelte oppgåvene mellom seg.
– Det var ein spennande måte å feira dagen på. Det var ein fin, men slitsam tur. Det var kjekke folk som var med og stemninga var god, avsluttar Kloster.
