Over 30 songarar frå Fitjar barnegospel deltok på konsert saman med familien Børud på Leirvik bedehus i ettermiddag.

Det var ein variert konsert der mange først og fremst såg fram til å møta sitt store songidol Lisa Børud, som i ein alder av 14 år allereie har gitt ut åtte cd’ar.  Det vert gitt ut både notar og cd med sing-back til Lisa sine cd’ar, og mange kristne barnekor brukar desse. På Fitjar vil mange hugse att Happy, som var svært populær i koret for nokre år sidan. Både Happy og mange andre kjende songar vart framførd, i tillegg til ein del nye songar som er å finna på den nyaste cd’en som heiter Mitt valg. Lisa hadde med seg systera Sofie, mamma Elin og pappa Thomas. Det er ikkje berre Lisa som er flink til å synga, dette klarer litlesøster Sofie på 12 år like så bra, fekk me høyra i hennar framføring av ein Hanna Montana-song. Det var god trøkk i songen når begge Børud-jentene song, samstundes som stemmene og teksten kom godt fram, og salen svinga og song med.

Mellom songavdelingane fekk me møta illusjonisten Ruben Gazki. Gazki skapte stor undring i salen med alle sine magiske triks, humor og sjonglering. Fleire fekk og koma opp på scenen og ta del i triksa hans.

Høgdepunktet for mange var likevel då dei lokale kor-stjernene frå barnekora på øya fekk synga saman med Lisa og familien hennar. Dei song av full hals medan dei såg på Lisa med stjerner i blikket. Det var god lyd i denne gjengen og, og kjekt å sjå dei stråla på scenen. Dette vart ei stor oppleving både for dei som stod i koret og song og for foreldra i ein fullsett bedehussal.

Aller størst inntrykk gjorde avsluttingsnummeret My star. Songen er henta frå Lisa sin cd: I dag, og handlar om Jesus som er stjerna mi, min største helt og alt eg treng. Lyset i salen vart slått av. Heile familien Børud, inkludert litle Olivia, stod på scenen og song denne flotte balladen saman med dei lokale kora. Då magikaren og entra scenen med faklar og tok til å sjonglera med dei framfor koret havna haka til dei yngste nesten nedpå brystkassen og dei fekk ikkje fram ein tone meir. Seinare tok Ruben til å «spy ut» flammar slik at dei kunne kjenna varmen og lukta frå elden. Det vart eit forrykande show. Ungane likte det og fedrene likte det. Nokre mødre fekk nesten hjerta i halsen då det vart for mange skarpe knivar i lufta og flammane vart vel store.

Konserten var ein Fadderkonsert for Misjonsalliansen, og det vart informert kort om deira arbeid. Etter konserten var det høve til å verva seg som fadder, kjøpa cd’ar og skaffa seg autografar. I det heile ei stor oppleving for dei unge songarane som hadde øvd fram mot konserten og som hadde sett fram mot dette i lang tid. Lisa er eit stort idol for mange, og i dag fekk dei ikkje berre møta ho og høyra ho synga, dei fekk og stå på scenen saman med ho.