I ettermiddag var det tradisjonelt «Me syng jula inn»-arrangement på Fitjar bedehus.

«Me syng jula inn» på Fitjar er eit tradisjonelt arrangement som er ganske likt frå år til år, og vikitg å få med seg for mange. Som alltid starta samlinga med tenning av adventskransen. I år var det Helene Eiken,  Andreas Vik, Kristian Prestbø og Nils Birger Vestbøstad som stod for lystenninga.

Tradisjon tru fekk me og i år høyra Osternes mannskor, og som så mange gongar før song dei m.a. Å kunne jeg bare bli barn igjen. Ein flott song som høyrer med når ein skal synge jula inn. Fitjar musikkforeining deltok og med kjende julesongar, både frå Skotet og andre stader. Gruppa Prais Him som består av Randi E. Brekke, Kjerstin H. Stokken, Elin Sørfonn, Karine T. Lillenes og Karin S. Stokken stod for dei nyare julesongane. I den engelske «Mary did you know?» fekk me «møta» den unge mora Maria med Jesusbarnet. For oss som forstod engelsk, og dei som følgde med på oversettinga på skjermen fekk desse vakre damestemmene oss til å sjå for oss Maria der ho sat og vugga Jesus og kyssa han kjærleg på panna. Me vart med på undringa:  Maria, visste du alt det spesielle med barnet du haldt i armane dine?

Det var og rom for allsong, mykje allsong, av kjende og kjære julesongar, leia av Trygve Eiken og akkompagnert av eit husorkester frå Skotet (Vik). Eli Vestbøstad las juleevangeliet, og det heile vart avslutta med Deilig er jorden.