Det vert konsert med den kjende folkesongaren Sondre Brattland i Fitjar kyrkje torsdag 29. april.

Den kjende folkesongaren Sondre Brattland kjem til Fitjar kyrkje torsdag 29. april. Her vil han halda konserten «Blott en dag». Lina Sandells liv vert i denne konserten skildra gjennom forteljing og utvalde songar frå hennar rikhaldige dikting. Folkekjære songar som «Blott en dag, «Ingen er så trygg på ferda» og «Bred dina vida vingar» vert framførde med nyskapt og spennande akkompagnement av Tore Bruvoll (gitarar) og Knut Arne Snøås (orgel). Til å tolka songane har Sondre Bratland med seg Synnøve Rognlien, ei ung, spennande røyst frå Toten. Synnøve er tidlegare songelev av Sondre. Konsertpublikummet får og høve til å delta i nokre av dei mest kjende songane.

Eli N. Simonsen i konsertkomiteen ynskjer velkomen til konsert i Fitjar kyrkje 29. april kl. 19.30, og vonar at retteleg mange nyttar høvet til å få høyra vår fremste mannlege folkesongar saman med svært flinke musikarar.