Søndagsskulen som til vanleg held til på Fitjar bedehus hadde sist søndag avsluttingstur til Øvrebygda skule.

Over 70 små og store var med på søndagsskuleavsluttingsturen til Øvrebygda søndag 24. mai. Det heile starta med søndagsskulesamling inne i gymnastikksalen på skulen, med songar, Bibelfortelling og ei litt skummel Elisabeth som hadde kledd seg ut som ein tjuv og stal alle pengane til Helga. Etterpå var det grilling og leik på skuleplassen og natursti innover langs skogsvegen bak skulen. Heilt til slutt var det ny samling inne der alle ungane fekk ei helsing med seg heim som eit minne om dette søndagsskuleåret. Kvar familie fekk ein cd med songar og fortellingar, dei eldste fekk kvar sin populær jo-jo, og dei yngre fekk kvar sitt store kort.

No tar søndagsskulen på Fitjar bedehus sommarferie. Oppstart til hausten vert 30. august. Den dagen vert det søndagsskulens dag med familiegudsteneste i kyrkja og mat og aktivitetar på bedehuset etterpå. Frå søndag 6. sptember vert det vanleg søndagsskule kl. 11.00 på Fitjar bedehus kvar søndag, bortset frå når det er familiegudsteneste i kyrkja.

Søndagsskulelærarane takkar for eit fint søndagsskuleår og ynskjer alle ein god sommar!