– Fitjar Søndagsskule hadde ønskje om å dra til Espevær. Det skulle vera avslutningstur før sommaren, søndag 18. mai 2014. Og gjett om det vart tur? spør Trygve Eiken, som sjølv svarar nedanfor.

– Ein fantastisk flott tur for søndagsskuleborna og dei av foreldra som kunne vera med. Totalt ca 65 born og ca 50 vaksne. Det var strålande sol og flott temperatur.

Turen starta i småbilar fra Fitjar kl 11, og me hadde tinga ekstratur med Øyrosa frå Eidesvik til Espevær. Den måtte gå tre turar for å få alle med.

På Espevær hadde me først matpause nede på den heilt nyslådde leikeplassen. Det var kjempestemning. I bedehuset på Espevær hadde me deretter søndagsskuletime kor me fekk høyra om då Paulus møtte Jesus utanfor Damaskus.

Ein av søndagsskulelærarane i Fitjar vaks opp på Espevær, og han fortalde litt om korleis det var her ute på den tida i 1950-åra. Det var 50 – 60 born som var med i søndagskulen, omtrent like mange som tur-borna frå Fitjar.

Etterpå gjekk mange på tur rundt øya. Natursti i utmarka og elles langs dei koselege småvegane. For dei som hadde lyst å vera litt lenger vart det grilling på bryggja i Vestbygda.

Ei flott avslutning på søndagsskulen for dette semesteret, skriv Eiken.