Søndag 9. september feirer alle søndagsskulane på Fitjar søndagsskulens dag, med familiegudstenste i kyrkja klokka 11.00 og kafe og aktivitetar på bedehuset etterpå. Førebuinga er godt i gang. Fana er funnen fram, diverse utstyr til leikar på bedehuset er på plass, det blir øvd på sminking, pølser og brus er handla inn og det blir bakt kaker.

Festdag for alle
Dette skal vera ein festdag for alle i bygda, både små og store, unge og gamle.Fredag kveld var det lys i kyrkja og der haldt ein gjeng på å øva inn eit dramastykke til gudstenesta. Laurdag er det blåsera og songera som skal øva. Denne familiegudstenesta skal bli ei festgudsteneste der søndagsskuleungane deltek aktivt. Eit av høgdepunkta vert nok det store "søndagsskule-koret" som skal opptre med kjende søndagsskulesongar.

Mat og kjekke aktivitetar
Etter gudstenesta går det "tog" til Bedehuset, der det vert kafe med sal av mat og drikke, og mange kjekke aktivitetar, både ute og inne. Det vert riding på skikkelege hestar, det vert hesteløp med kjepphestar, stort mikado, tippekonkurranse, stylter, sminking, seigemanndraging, "fiskedam" og meir til. Her er det og anledning til å bli kjent med dei som jobbar i søndagsskulen.

Alle er velkomne
Denne dagen er ikkje berre for dei som går på søndagsskulen. Både på gudstenesta, og på bedehuset etterpå, er alle hjerteleg velkomne, helsar søndagsskulelærarne i Øvrebygda, Osterneset, Stranda og sentrum.