Gudstenesta i dag starta med at soknepresten, søndagsskuleborn og leiarar gjekk i prosesjon inn i kyrkja medan dei song av full hals: Alle , alle vil vi ha med til Himlens lyse land Borna deltok i sjølve gudstenesta og, med drama, opplesing og som forsongarar. Sokneprest Oma la fram dagens tekst slik at både born og vaksne kunne forstå meininga.

Med eige orkester i spissen toga born og vaksne ut av kyrkja etter gudstenesta.

Ein stor flokk følgde med til bedehuset der det var søndagsskuletivoli. Ein kunne vere med på mange aktivitetar både inne og ute. Med pil og boge var det råd å få premie viss ein råka ballongar med twist i. Mange prøvde å banke spiker i ein planke med varierande hell. Søndagsskulen sine maskottar, Joffen og Kanille var på plass. ”Trehesteløp” føregjekk innandørs. Det same med sminking og bilbaneløp.

I det fine haustveret var det kjekt å sitje ute og ete, anten ein ville ha pølse og brød, eller kaffe, brus og kaker.

Alle søndagsskuleleiarane ønskjer borna velkomne til samling på bedehusa rundt om i bygda!