Alle små og store på kyrjeveg slapp paraply og regnkle trass i dårlege verutsikter tidleg søndag morgon.

Det høvde særleg godt med tanke på opplegget utandørs, som vert kalla søndagsskuletivoli. Men først var det gudsteneste, der born frå søndagsskulen og to barne klubbar deltok blant anna med song og tekstlesing. Ei gruppe med klare jenterøyster var forsongarar. Dei yngste av desse er berre seks- sju år. Kyrkjepelydspedagog Silje Fyllingen dramtiserte litt av dagens tekst saman med sokneprest Olav Oma. Det var og fint å sjå tre små born bli borne til dåpen i dag, Kian, Julia og Theo. Skulekorpset spelte i kyrkja og gjekk seinare fremst i toget opp til bedehuset.

Mange var nok svoltne i tolv-tida. Pølser i brød, saft, kaker og kaffi gjekk ned på høgkant. I nesten to timar kunne borna velje mellom mange ulike aktivitetar. Ein flokk med ungar , helst under skulealder, fekk prøve seg på leiketraktor under kyndig rettleiing av ein vaksen. Å ri på hestar som Stall Tufte hadde med seg, er alltid populært. Ei dyreglad jente på fire år fann straks vegen dit, men me veit ikkje om ho fekk seg ein ridetur. Elles var det flest gutar som prøvde å skyte med pil og boge på oppblåsne ballongar. Dei som skaut hol, fekk snopen som låg inni. Innandørs kunne ein prøve fiskelukka og gjette på rett mengde godteri i eit syltetøyglas.

Viagra to be sold over the counter in the UK buying viagra pillole viagra naturale