Tradisjon tru førebur søndagsskulane seg til å feira oppstarten av det nye semesteret med søndagsskulens dag på Fitjar. Det skal bli mange kjekke aktivitetar for både små og store, melder søndagsskulen.

Førebuingane er godt i gang, og i dag har det vore iherdig øving på bedehuset og i kyrkja. Den store dagen, som mange både små og store har gleda seg til, er i morgon, søndag 7. september.

Dagen startar med familiegudsteneste i kyrkja kl. 11.00. Her skal alle søndagsskuleungane gå i prosesjon og dei skal delta med song fleire gongar under gudstenesta. Enkelte av dei store søndagsskuleungane skal delta som forsongerar og tekstleserar. Ei gruppe musikkantar skal og vera med, og skal leia toget som går frå kyrkja og opp til bedehuset etter at gudstenesta er slutt.

På bedehuset vert det matsal og aktivitetar. Her kan ein kjøpa seg pølser, kaker, bollar, popcorn, brus, saft og kaffi for ein rimeleg penge. Det vert og mange ulike aktivitetar ein kan delta på, og det aller meste er gratis. Det vert sminking av klovnar, prinsesser, sommarfuglar, ulike dyr osv. Det vert fiskespel, hestespel, tippekonkurranse, stylter, spikerkonkurranse for både små og store, pilkast m.m.  Dei som er 8 år eller eldre kan få køyra radiostyrde bilar på banen i kjellaren.

Joffen og Kanille kjem i år og, og dei håpar dei treff mange kjekke folk på bedehuset. Alle er velkomne, både dei som går på søndagsskulen og dei som ikkje går der, både små og store ungar, vaksne og eldre!