Med desse orda innleia Eli Simonsen gudstenesta i dag, og la til: Det er ei glede å feire denne dagen.

Kyrkjelyden reiste seg då Fitjar Skulekorps spela medan borna gjekk inn og stilte seg opp for å synge. Born frå fleire søndagsskular eller klubbar deltok i programmet. Jakob Myhre las to tekstar frå Bibelen, Elisabet Rydland Sæbø las bøner medan Maren Rydland tende ljos. Desse var med i forsongargruppa: Eirin Oma. Hanne Rimmereid, Lovise Rimmereid, Johannes Oma og Torbjørn Eiken. Heile gudstenesta var flott tillaga med høveleg program for borna. Elisabeth Moldestad formidla Bibelforteljinga om dei ti sølvpengane på ein lettfatteleg måte. Ho avslutta med å seie at Gud blir så glad når han finn den som er komen bort og me vil vere hos han. Sokneprest Olav Oma understreka at det er flott å starte søndagsskulesesongen med eit klart mål: Å lære og kjenne Jesus. Kyrkjelyden vart til slutt invitert til søndagsskuletivoli på Bedehuset.

Som vanleg hadde søndagsskuleleiarane laga til mange aktivitetar, fleire av dei etter mal frå tidlegare år, men alltid like populære. Me såg blant anna Emilie Fyllingen prøvde fiskelykka innandørs. Han som fiska før henne fekk visst skikkeleg napp og premie. Nokre gutar ivra for elektrisk bilbane og farten var upåklageleg. Postar til sporleik var plasserte rundt om kring. Ansiktsmaling høvde kanskje best for jenter. Mange av dei som skaut med pil og boge vart etter kvart flinke til å treffe ballongar med snop i. Oppgåva med store spiker og hammar førde til mange bomslag for vaksne, både kvinner og menn. Kiosken med sal av pølser, kake, saft og kaffi var open heile tida. Deltaking i nokre av aktivitetane førde til premieutdeling heilt til slutt.

Inni ballongane var det snop. Foto Turid Sandvik

IMG 9710

Godt å få litt hjelp av ein vaksen. Foto Turid Sandvik

IMG 9706

Marius Pedersen greidde å strekkje ein seigemann elleve centimeter. Foto Turid Sandvik

IMG 9708

Emilie Fyllingen fekk napp. Foto Turid Sandvik